Kari-garden
Strondavegen 175, Etne, Vestland


Åpningstider
Åpent etter avtale.
Besøk og vurderinger
Om Kari-garden
På sikt ønskjer vi å utvikle garden vidare etter regenerative prinsipp. Vi nyttar minimalt med sprøytemiddel og fjernar ugras for hand i beitelandskapet. Rasane våre – Dexter, Raudkoller og Fjordfé – er gode beitedyr som passar godt i det bratte vestlandslandskapet. Vi vel å fore fram dyra til dei er rundt 25 månader, for å få betre feittinnhald og finare marmorering i kjøtet. Om slaktinga Når det er tid for slakt, fraktar vi sjølv dyra til eit godkjent slakteri i Folkedal, innerst i fjorden. Vi brukar god tid på dyra – "tek alt med tål" – og stoppar fleire gonger på vegen for å snakke med dei og sjå til at dei har det godt. Vi meiner dette gjer dyra rolegare, noko som bidreg til betre kjøtkvalitet. Mørning, pakking og kvalitet Etter slakt får kjøtet mørna i 14 dagar før oppstykking, pakking og merking. Denne prosessen lyfter fram smaken og gir ei naturleg nedgang i vekt. Vidare får kjøtet mørna om lag ei veke til før innfrysing, noko som set eit tydeleg preg på kvaliteten. Kjøtet er kun vakuumpakka – utan tilsetjingsstoff – og kan då verte litt mørkare i fargen, noko som er heilt naturleg. Vegen vidare Framover ønskjer vi å satsa endå meir på kjøtproduksjon og søkjer stadig meir kunnskap for å betra kvaliteten ytterlegare – med god og sakte tilvekst på naturleg vis. Målet vårt er: Mørning i ca. 21 dagar i eigne lokale, Stykking og pakking på eigen gard. På sikt også slakting heime, for å unngå unødig transport og stress for dyra. Etablere eit skap for tørrmodning for å utvikle endå betre kvalitet
Kategorier
Fasiliteter
Betaling
Plassering
Rapporter en feil med informasjonen på dette gårdsutsalget
Stemmer ikke åpningstider, adresse, kontakt eller noe annet? Send oss et kort tips, så ser vi over det.
Rapporter feilRegistrer eierskap til dette gårdsutsalget
Eier du dette gårdsutsalget? Registrer eierskap, så kan du holde din egen oppføring oppdatert etter at vi har verifisert deg.
Registrer eierskap


