Torheim Gard
Strynevegen 3196, Hjelledalen, Vestland


Åpningstider
- Mandag10:00-20:00
- Tirsdag10:00-20:00
- Onsdag10:00-20:00
- Torsdag10:00-20:00
- Fredag10:00-20:00
- Lørdag10:00-20:00
- Søndag10:00-20:00
Besøk og vurderinger
Om Torheim Gard
På Torheim Gard, ytst i Hjelledalen i Stryn – ved overgangen mellom aust og vest – driv vi eit økologisk og regenerativt gardsbruk forma av landskapet vi bur i. Bratte bakkar, skog, beite og dyrkingsjord set rammene for drifta. Vi arbeider heilskapleg, med jord, plantar og dyr som del av same kretsløp. Levande jord, dyrevelferd og biologisk mangfald er ikkje mål i seg sjølve, men føresetnader for kvaliteten på råvarene – og på maten vi lagar vidare. På garden dyrkar vi eit breitt utval grønsaker, urter og spiselige blomstrar i ein økologisk grønsakshage. Vi held grasfôra sau som nyttar både innmark, utmark og seterbeite, og utegris som er ein aktiv del av landskapet og ressursbruken. Frukthagen gir oss eple til most, sider og vidare foredling, og råvarene frå garden blir foredla vidare til handverksprodukt. I den sjølvbetente gardsbutikken finn du eigne produkt frå garden, saman med eit lite og nøye utvalt sortiment frå andre lokale og økologiske produsenter. Utvalet varierer med sesong og tilgang, men grunnlaget er alltid det same: råvarer med tydeleg opphav, foredla med handverk og kvalitet.
Kategorier
Fasiliteter
Plassering
Rapporter en feil med informasjonen på dette gårdsutsalget
Stemmer ikke åpningstider, adresse, kontakt eller noe annet? Send oss et kort tips, så ser vi over det.
Rapporter feilRegistrer eierskap til dette gårdsutsalget
Eier du dette gårdsutsalget? Registrer eierskap, så kan du holde din egen oppføring oppdatert etter at vi har verifisert deg.
Registrer eierskap