TuniFinn gårdsutsalg

Fjellfell

Eksingedalsvegen 2284, Eidslandet, Vestland

Fjellfell
Fjellfell
Fjellfell
Fjellfell

Åpningstider

Åpent etter avtale.

Besøk og vurderinger

0 registrerte besøk

Om Fjellfell

Fjellfellbutikken er open når det er nokon heime, og det er det stort sett alltid i sommarhalvåret. Butikken er sjølvbetent, med folk til å hjelpa like ved. Kaffi, is og drikke kan alltid kjøpast, kaffimat kan bestillast. Om veret er for surt til å sitja utanfor butikken, kan kaffien nytast i Stallen, med inngang ved sida av butikklokalet. Ring gjerne for å vera sikker på at nokon er heime. Å leggja turen gjennom Eksingedalen er ein fin avstikkar frå E16 mellom Voss og Bergen, eller frå E39 som går frå Bergen mot Sogn. Ein kjem til Eksingedalen ved å ta av ved Evanger, Dalseid eller Romarheim. Det tek om lag ein time å køyra til Bergo frå Voss, Dale eller Romarheim. Eksingedalen byr på vill og vakker natur, fine gardsbruk i drift, fossefall og fjell – og er ein inngangsport til Stølsheimen. Her er mange fine fjellturar og alt ligg til rette for å prøva fiskelukka i elv eller vatn. Om du vil gå ein kort tur, kan me anbefala Almarunden, vår eigen kulturhistoriske sti. Almarunden tek om lag ein time å gå, med storslått utsikt frå Kultatoppen og informasjonstavler om historie knytt til det vakre turområdet i Almane. Hjå oss er det også mogeleg å leiga kano, kajakkar og supbrett til bruk i Bergovatnet. Leige av utstyr er lurt å avtala på førehand, med «Fjellflyt» v/ Anna 48024522. Velkommen til oss! Helsing Anna & Jørgen, Liv Anne & Sveinung på Bergo.

Kategorier

Drikkevarer

Fasiliteter

Selvbetjening

Betaling

Kort

Plassering

Rapporter en feil med informasjonen på dette gårdsutsalget

Stemmer ikke åpningstider, adresse, kontakt eller noe annet? Send oss et kort tips, så ser vi over det.

Rapporter feil

Registrer eierskap til dette gårdsutsalget

Eier du dette gårdsutsalget? Registrer eierskap, så kan du holde din egen oppføring oppdatert etter at vi har verifisert deg.

Registrer eierskap