Valdres Vilt
Tyinvegen 960, Ulnes, Innlandet


Åpningstider
- Mandag10:00-17:00
- Tirsdag10:00-17:00
- Onsdag10:00-17:00
- Torsdag10:00-17:00
- Fredag10:00-17:00
- Lørdag10:00-17:00
- Søndag10:00-17:00
Besøk og vurderinger
Om Valdres Vilt
På tunet vårt har vi gardsbutikk i ein del av hovedbyggningen med sal av eigne produkt i tillegg til lokalmat frå andre Valdres-produsentar. Her kan nemnast honning, ost, flatbrød, egg, saft, gelè, rakfisk og lokalt øl. På stabbura våre spekar vi pølser og kjøt frå viltet. Spekepølsene skal hange til speking i kulde og varme, vind og stille. Slik får dei ei lang speketid og ei god konservering som passar i vårt innlandsklima. Vi skjer og foredlar viltkjøtet vårt sjølve, og difor kan vi smake på kvart dyr før nedskjering, så vi kan garantere mørt og godt kjøt til kunden. Om sumaren fiskar vi i Strandefjorden, og her er det mest sik. Denne fileterer vi, så er den panneklar for deg som kunde. Vi tek også imot aure frå andre fiskarar, og desse sel vi heile. Om hausten tek vi vare på rogna til sukkersalting. Vi lager leverpostei av lever frå ungdyr, både elg og hjort. Vi koker og sel kraft av bein eller sel oppdelt til kundens eigen kraftkoking. Nakkane av hjort langsteikar vi og plukkar kjøtet av til "pulled hjort" Det er ei fin utnytting av dette kjøtet og gje eit veldig smakeleg produkt. Mange vil gjerne kjøpe kverna kjøt direkte, og andre foretrekk ferdige karbonader og pølser. Vi steikjer karbonadene sjølv av elg og hjort, og tilbyr alltids laktosefrie elgkarbonader. Vi er også i startgropa med pølseproduksjon, og dette er ekte håndverkspølser! Utstyret er framleis enkelt, men produkta blir gode! Skulle sumaren koma med varme og sol kan du gjerne nyte ein kaffekopp og is utanfor gardsbutikken vår. Velkomen innom!
Kategorier
Fasiliteter
Betaling
Plassering
Rapporter en feil med informasjonen på dette gårdsutsalget
Stemmer ikke åpningstider, adresse, kontakt eller noe annet? Send oss et kort tips, så ser vi over det.
Rapporter feilRegistrer eierskap til dette gårdsutsalget
Eier du dette gårdsutsalget? Registrer eierskap, så kan du holde din egen oppføring oppdatert etter at vi har verifisert deg.
Registrer eierskap