Avdem Gardsysteri
Avdemsvegen 40, Lesja, Innlandet




Åpningstider
- MandagStengt
- TirsdagStengt
- Onsdag10:00-17:00
- Torsdag10:00-17:00
- Fredag10:00-17:00
- Lørdag11:00-17:00
- Søndag11:00-17:00
Besøk og vurderinger
Om Avdem Gardsysteri
På Avdemsbue, som er vår eigen lokalmatbutikk og ostekafe, får du smake alle våre produkt, samtidig som vi også byr på ostar og lokal mat og drikke frå andre produsentar i Gudbrandsdalen og elles i landet. Avdemsbue er ein gammal landhandel med røter attende til 1878, med autentisk inventar, nå kopla saman med eit moderne osteforma tilbygg. Avdemsbue er ein landhandel med røter attende til 1878. Dagens butikklokale er frå 1938, og hadde ikkje innlagt vatn da eg overtok drifta i 2015. Da var eg 24 år, lei av å studere og med stor skapartrong. Eg ville skapa noko eige, basert på familieverksemda som foreldra mine hadde drive sidan 2005; Avdem Gardsysteri. Eg visste godt at eg måtte tilby noko meir enn våre eigne ostar, det måtte vera full pakke. Du veit den butikken du går i når du skal kosa deg i helga, når du treng ei gave eller rett og slett er matei. Lokalmat med noko attåt, på eit vis. Draumen vart sann, og etter å ha drive butikken i fire år utan vatn og toalett, vart det andre boller. 6. Juli 2019 opna vi eit osteforma tilbygg teikna av Ram Arkitektur. Lesja Byggservice med fleire lokale entreprenørar bygde oss ein ostekafe med utsikt utover dalen og kulturlandskapet. Her kan du nyte ein cappuccino på gardsmjølk eller ein steinovnspizza med Avdemsost og lokal spekeskinke. Velkomen!
Kategorier
Plassering
Rapporter en feil med informasjonen på dette gårdsutsalget
Stemmer ikke åpningstider, adresse, kontakt eller noe annet? Send oss et kort tips, så ser vi over det.
Rapporter feilRegistrer eierskap til dette gårdsutsalget
Eier du dette gårdsutsalget? Registrer eierskap, så kan du holde din egen oppføring oppdatert etter at vi har verifisert deg.
Registrer eierskap